Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Torkelson Indre Oppedal

Anders Torkelson Indre Oppedal (Ringreide) (1752-1821), frå Oppedal, busett i Lavik. Bonde og lensmann.

Kjøpte i 1776 den tidlegare sorenskrivargarden Ringreide (sjå: Sorenskrivaren budde i Lavik) aust for Lavik, og tok slektsnamnet Ringreide. Han eigde også gardar på Losna og i Torvund. Var lensmann i Lavik 1787-1818, og stamfar til ei rekkje menn som vart lensmenn og politikarar i Lavik og Brekke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2007