Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Barsnes

Styrar av Det Vestlandske målkontor (skipa 1904) frå 1931.

Andreas Barsnes (1883-1954) frå Sogndal, busett i Bergen. Lærar og forfattar. Eksamen frå Stord lærarskule 1907. Lærar ymse stader 1907-1910, i Bergen frå 1911 og skulestyrar 1937-1953.

Styrar av Det Vestlandske målkontor (skipa 1904) frå 1931.

Han gav ut:

«Håkonshalli og Holmen» (1920)

«Norsk maal i norske skular» (1927)

«Kristkyrkja og kongsgravene på Holmen» (1928)

«Sanningsord um Nynorsk salmebok» (1928)

«King Håkon's Hall on Holmen» (1929)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011