Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Bjørkum

Andreas Bjørkum. Foto: Geirmund Henjum, NRK.

Andreas Bjørkum. Foto: Geirmund Henjum, NRK.

Andreas Bjørkum (1932-2014) frå Naddvik. Dialektforskar og frå 1982 professor ved Universitetet i Oslo. Bjørkum har gjort fleire viktige studiar kring sognemålet. Han tok embetseksamen i 1962 og doktorgraden i 1974 med "Generasjonsskilnad i indresognsmålet”.

Dosent i nordisk målvitskap i 1973. Frå 1982 til han gjekk av for aldersgrensa i 2002 var Bjørkum knytt til Norsk målførearkiv, frå 1984 som professor og frå 1988 som instituttstyrar.

Han har elles m.a. gjeve ut "Årdalsmål hjå eldre og yngre" 1968, og "Ord og form hjå Olav H. Hauge" 1998. Saman med Jarle Bondevik har han gjeve ut ”Dikting og diktarar frå Sogn”, og dei to var saman redaktørar for ”Bøkene åt Olav Sande”.

I samband med 70-årsdagen vart det gjeve ut eit heidersskrift om Bjørkum: "Målgranskaren frå Årdal".

I 2004 gav han ut ei ættesoge om garden Natvik som han kjem frå og heimbygda Naddvik (Vikadalen): ”Soga om Viki og Vikadalen. Garden, grendi og ætti”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.04.2014