Andreas Gjertsen

Andreas Gjertsen (1872-1953) frå Loftet i Fjaler, busett på Salbu. Industrigrunnleggjar og politikar.
Gjertsen var ein av dei mest allsidige industribyggjarane og forretningsfolka i ytre Sogn kring 1900. Han dreiv sagbruk, høvleri, trelastforretning, tønnefabrikk, saftfabrikk, såpefabrikk, fargeri og ullvarefabrikk.
I 1909 bygde han det første kraftverket i Hyllestad ved Salbuelva, og i 1924 var han den første som kjøpte bil i bygda. Ordførar i Hyllestad 1929-1932.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.09.2010