Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Gunnerus Lind

Lind-huset står på lensmannsgarden på Ålhus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lind-huset står på lensmannsgarden på Ålhus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Andreas Gunnerus Lind (1787–1851). Ein av dei første prokuratorane (sakførarane) i fylket, og første ordførar i Førde 1838-1840.

Han bygde i 1825 eit vakkert hus på Skorpa. Dette Lind-huset vart i 1935 flytta til lensmannsgarden på Hegrenes i Jølster. Far til lensmann Andreas Lind i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011