Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Osmundsvåg

Han bygde m.a. den herskapelege Osmundsvåg-villaen like nord for kyrkja i Måløy. Han omkom i ei drukningsulukke i 1921.

Andreas Osmundsvaag (1878-1921) frå Osmundsvåg, busett i Måløy. Fiskehandlar og fiskebåtreiar. Osmundsvaag slo seg stort opp som fiskehandlar og reiar i Måløy i «gullåra» kring 1. verdskrig. I 1917 eigde Andreas Osmundsvåg 13 transportfarty, og hadde avdelingar i Skjerjehamn i Gulen, Stongfjorden, Kalvåg, Larsnes og i Kristiansund.

Han bygde m.a. den herskapelege Osmundsvåg-villaen like nord for kyrkja i Måløy. Han omkom i ei drukningsulukke i 1921.

Sjå også: A. Osmundsvaag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010