Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas R. Tonning

Andreas R. Tonning. Foto: Schrøder.

Andreas R. Tonning. Foto: Schrøder.

Andreas R. Tonning (1922–2002) frå Stryn, busett i Trondheim. Professor dr. techn. Ingeniøreksamen Norges Tekniske Høgskole 1948. Tilsett ved radaravdelinga ved Forsvarets Forskningsinstitutt, og deltok i utviklinga av radioliner for Forsvaret og Televerket. Studieopphald ved Massachusetts Institute of Technology, USA 1949 og 1951-1952. Dr. techn. 1959.

Professor i teoretisk elektronikk, Norges Tekniske Høyskole, i 1962. Arbeidde ved Stanford University, USA i 1963, og hadde seinare forskingsopphald ved IBM Research Laboratorie og ved University of California. Stod sentralt i arbeidet med å utvikle Elektronisk avdeling ved NTH, og hadde ei rad tillitsverv ved universitetet, m.a. som prorektor, og ved SINTEF.

Tonning var også medlem av Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskingsråd, i styret for Chr. Michelsens Institutt og Chr. Michelsens Fond, avdelingsstyret for CMI, avd. for Naturvitenskap og Teknologi. Formann for rådgjevande komite for forsking under Nordisk Ministerråd, norsk representant i den internasjonale radiounionen URSI. Medlem av Det Kongelige Norske Vitenskabers Selskab og president i Norges tekniske vitenskapsakademi 1979–1984.

Som forskar stod Tonning sentralt i arbeidet med å utvikle elektroniske Køfri-brikker for bomstasjonar og komponentar til mobiltelefonar. Dette arbeidet vekte internasjonal oppsikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011