Hopp til innhold
X
Innhald

Anfin Refsdal

Medlem av kommunestyret frå 1874, ordførar i Vik 1886-1897 og 1902-1907, og leiar i fylkesskulestyret ein periode.

Anfin Larsson Refsdal (1839-1920) frå Vik. Lærar og politikar for Moderate Venstre, seinare Høgre. Utdanna ved lærarskulen i Balestrand 1865. Lærar i Davik og Sogndal, og frå 1868 lærar og klokkar i Vik.

Medlem av kommunestyret frå 1874, ordførar i Vik 1886-1897 og 1902-1907, og leiar i fylkesskulestyret ein periode.

Landsstyremedlem i Noregs Lærarlag.

Vararepresentant til Stortinget 1886-1900. Han møtte på Stortinget medan Edvard Liljedahl var statsråd.

Far til Ivar Refsdal.

Garden Refsdal der Anfin Refsdal budde. Foto: O. P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Garden Refsdal der Anfin Refsdal budde. Foto: O. P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011