Hopp til innhold
X
Innhald

Ann Kristin Aafedt Flatland

Ann Kristin Aafedt Flatland under OL i Vancouver i 2010. Foto: Pawel Kopczynski.

Skiskyttaren Ann Kristin Aafedt Flatland er fødd i 1982 i Vik.

Ho har som junior teke fem NM-titlar og kom på åttandeplass i junior-EM i skiskyting i Italia i 2003 og 10. plass i junior-VM same året.

Første NM-gull i 2007

Som seniorløpar kom ho på 22. plass i verdscupen i 2005. Ho debuterte i senior-VM 2007 med ein femteplass på 7,5 kilometer og bronse på stafetten i Anterselva i Italia. Ho vart noregsmeister i senior-NM på fellesstart i 2007. I 2010 tok ho NM-gull på sprinten og bronse på normaldistansen.

I januar 2010 kom ho for første gong på pallen i eit verdscuprenn då ho vart nummer tre på sprinten i Oberhof.

I OL i Vancouver i 2010 vart ho nummer 10 på sprinten, nummer åtte på jaktstarten, nummer 14 på normalprogrammet og var med på det norske laget som vart nummer fire på stafetten. Same året var ho med på det norske laget som tok sølv i VM i mixed-stafett i Khanty Mansijsk i Russland.

Vann verdscuprenn

I januar 2011 sikra ho seg sin første siger i verdscupen då ho vann sprinten i Oberhof i Tyskland. Den andre kom på sprinten i Östersund i november 2013.

Laget som tok gull i VM i mixed stafett i 2011. Frå v. Tarjei Bø, Ann Kristin Aafedt Flatland, Tora Berger og Ole Einar Bjørndalen. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Laget som tok gull i VM i mixed stafett i 2011. Frå v. Tarjei Bø, Ann Kristin Aafedt Flatland, Tora Berger og Ole Einar Bjørndalen. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Verdsmeister i 2011 og 2013

I VM Russland i 2011 gjekk ho på det norske mixed stafettlaget som tok gull, m.a. saman med Tarjei Bø frå Stryn.

I 2011 tok ho bronsemedalje på normaldistansen i NM. I 2012 tok ho pause frå skiskytinga fordi ho vart mor, men ho var tilbake i 2013. I VM i 2013 var ho med på det norske damestafettlaget som tok gull. Individuelt vart ho nummer åtte på sprinten og nummer sju på jaktstarten etter å ha falle då ho låg an til medalje. Same året var ho med på å vinne verdscupen i stafett samanlagt.

I senior-NM 2013 var ho med på stafettlaget til Hordaland som tok sølvmedalje på stafetten.

Første sogning med OL-medalje

I OL i Sotsji 2014 var ho med på det norske laget som tok bronsemedalje i stafetten. Ho vart med det den første sogningen til å vinne ein OL-medalje. Elles i OL vart ho nummer 24 på sprinten, nummer ni på jaktstarten, nummer 54 på normaldistansen og nummer 25 på fellesstarten.

Avslutta i Holmenkollen

Ann Kristin Flatland avslutta verdscupkarrieren sin med å bli nummer sju på sprinten, nummer ni på jaktstarten og 15 på fellesstarten i Holmenkollen. I NM 2014 var ho med på laget til Hordaland som tok bronse i NM på Voss.

Det norske laget som tok OL-bronse på stafetten i Sotsji. Frå v. Ann Kristin Aafedt Flatland, Tora Berger, Tiril Eckhoff og Fanny Welle-Strand Horn. Foto: Pierre-Philippe Marcou.

Det norske laget som tok OL-bronse på stafetten i Sotsji. Frå v. Ann Kristin Aafedt Flatland, Tora Berger, Tiril Eckhoff og Fanny Welle-Strand Horn. Foto: Pierre-Philippe Marcou.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.04.2014