Hopp til innhold
X
Innhald

Anna Jorunn Avdem

Anna Jorunn Avdem fødd 1952 i Lesja, busett i Lærdal. Cand. phil., forfattar og SV-politikar. Har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinners kår. Har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og frå 2002 tilsett som formidlingsleiar ved Sogn Folkemuseum.

Hovudoppgåva «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Gav saman med Kari Melby ut «Opp først og sist i seng» 1985, og «Husmorparadiset» i 2001, der ho skildrar glansåra for for «husmorrollen» på 1950 og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.

Varaordførar i Lærdal frå 2003.

Gift med Jan Olav Fretland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011