Anna Sofie Herland

Anna Sofie Herland (1913-1993) frå Indrevær. Husmor og Venstre-politikar og første kvinnelege ordføraren i Sogn og Fjordane. Ho vart landskjend då ho i 1955 vart ordførar og ein trudde at ho var den første kvinna i eit slikt verv i heile landet. Men det var ikkje rett: Åsa Helgesen var den første – ordførar i Utsira i Rogaland 1926-1928.
M.a. deltok Herland i radio–showet ”Vi går ombord” med Erik Bye, og avduka også «Norwegian Lady» i Virginia Beach, USA.
Anna Herland var også medlem av skulestyret.
Vararepresentant til Stortinget 1958-1965.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 06.01.2016