Hopp til innhold
X
Innhald

Annanias Christoffer Harberg

Annanias Christoffer Harberg (1696-1764) Fut i ytre Sogn 1734-1764, busett i Bjordal. Harberg var ein av dei rikaste menn i Sogn på 1700-talet, og eigde ei mengd gardar langs heile fjorden. Han fekk hand om garden i Bjordal kring 1735, og bygde m.a. eit staseleg herskapshus. Dette vart i 1773 rive og flytta til Alværa, der dottera Christine Harberg og svigersonen Simen Hansen slo seg ned. Simen Hansen tok over som fut i Sogn då Harberg døydde.

Sjå også: Futegardane i Bjordal og Alværa

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009