Anne Bolette Holsen
Anne Bolette Holsen (1856–1913) frå Bergen, med foreldre frå Førde. Pedagog og kvinnesakskvinne. Etter guvernantetid hos oberst Meidell på Flesje ved Balestrand (sjå Kjende personar i Balestrand) vart ho i 1879 lærar i Oslo. Medlem av ei rad styre som stelte med skule- og bibliotekspørsmål. Skipa i 1900 første framhaldsskule for jenter i hovudstaden saman med Anna Rogstad og Gøthilde Næss, og gjorde ein banebrytande innsats for denne skuleforma på landsplan.
Anne Bolette Holsen var i mange år leiar i Kvinnestemmerettsforeningen, og var ei av dei første kvinnene som vart valt inn i kommunestyret etter at kvinnene fekk røysterett. Norske kvinner har reist minnestein på grava hennar i Oslo. (Søstera Kristine Holsen var forfattar, og henta mange tema frå fransk historie).
Sjå elles Flora kommune: Martha Tynæs.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.11.2007