Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Margrethe Louise Leigh Rønneberg

Den tidlegare aldersheimen på Stedje, der rekonvalesentheimen opphaveleg låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare aldersheimen på Stedje, der rekonvalesentheimen opphaveleg låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anne Margrethe Louise Leigh Rønneberg (1839-1915) frå Sogndal. Ho var gift med sakførar Oluf Rønneberg. I eit testamente frå 1914 skipa ho ”Christine Leighs Rekonvalesentheim” for kvinner i Sogndal. Namnet fekk institusjonen som eit minne om den avdøde systera til fru Rønneberg.

I det same testamentet gav ho bort ein eigedom i Sogndal til ”Strandstedet Sogndalsfjæren” for at det skulle brukast til park, og ho skipa legatet ”Overrettssakfører Oluf Rønnebergs Legat” på 16.000 kroner til utdanningssøkjande ungdom.

”Christine Leighs Rekonvalesentheim” vart seinare utgangspunktet for utbygging av ein større pleieheim i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.08.2011