Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Margrethe Øvsthus

Anne Margrethe Øvsthus fødd 1950 i Angedalen. Sjukehusdirektør og Høgre-politikar. Utdanna sjukepleiar, og har diverse leiarkurs. Tilsett i ulike leiarstillingar ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane frå opninga i 1979. Sjefsjukepleiar frå 1996 til 2002 då ho vart tilsett som mellombels assisterande direktør for Helse Førde og direktør for Sentralsjukehuset fram til august 2003. Deretter avdelingssjef ved Sentralsjukehuset før ho i 2004 vart tilsett som direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Medlem av Førde kommunestyre 1983-1987 og fylkestinget 1987-1999, i siste periode som gruppeleiar og medlem av fylkesutvalet. Har vore medlem av programkomiteen i Høgre og sat i sentralstyret 1994-1998.

I 2010 vart ho tilsett som pasientombod i Sogn og Fjordane.

Dotter til Alfred Ramstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011