Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Jakhelln Prytz

Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (1853-1937) frå Alstadhaug, busett på Vereide. Prest og forfattar.

Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (1853-1937) frå Alstadhaug, busett på Vereide. Prest og forfattar.

Cand. theol. frå Universitet i Oslo i 1883. Lærar i to år i kvinnefengselet i Oslo, og tenestegjorde som kapellan i Valdres, sjømannsprest i Leith 1887–1893. Stiftsprest i Bjørgvin 1893–1901. Sokneprest i Gloppen og Breim 1904-1911 og prost i Nordfjord 1907–1911. Sokneprest i Porsgrunn 1911–1923.

Skreiv bøker og dikta salmar

Prytz var kjend som ein særs folkekjær prest, og hadde tillitsverv i Nordfjord Indremisjon. Han skreiv tre prisløna bøker med ei preikesamling om bruk av sundagen som heilagdag, og fem andre bøker med religiøse emne. Han dikta også songar og salmar som t.d. ”O Jesus min ven, o Jesus min bror”. I Hyen bygde Prytz-familien hytte ved Gjengedalsstøylen.

Modell som Kristus-figur

Prytz skal ha stått modell som Kristus-figur då målaren Ferdinand Kiærulf Tranaas måla altartavla til kyrkja i Randabygda.

Sonen vart nazist

Sonen med same namn, Anton Fredrik Winter Jahelln Prytz (1878–1945) budde også i ungdomsåra ei tid i Gloppen og gjesta ofte Prytzhytta i Hyen. Han utdanna seg til offiser og vart forretningsmann i Russland, der han m.a. hadde Vidkunn Quisling som medarbeidar.

Før og under 2. verdskrig var Prytz jr. den næraste fortrulege medarbeidaren til Vidkunn Quisling og den første som teikna medlemskap i Nasjonal Samling ved skipinga i 1933. Han vart utnemnd til finansminister i Quisling sitt ministerium i april 1940, men takka i staden ja til å verte fylkesmann i Sør–Trøndelag. I 1942 gjekk han inn i Quisling sitt kommissariske råd som finansminister.

I 1944 oppmoda Prytz Vidkunn Quisling til på be Hitler gjere Noreg til ein sjølvstendig stat under leiing av NS og Quisling – ei oppmoding som ikkje vart fylgd. Prytz jr. døydde av kreft den 19. februar 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011