Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Lien

Anton Lien. © Fylkesarkivet.

Anton Lien. © Fylkesarkivet.

Anton Lien (1882–1965) fødd i Vanylven, busett i Måløy. Fabrikkeigar. Han grunnla i 1910 Moldøen Canning Co. saman med Hans Søreide frå Solund. Dei dreiv fabrikken saman til 1913. Ei tid var fiskebueigar og båtreiarOle Kr. Lefdal kompanjong.

Lien vart eineeigar frå 1923.

Moldøen Canning var i drift til 1968. Siste fabrikkbygningen heiter no Selstadgården, og er ombygd til privathusvære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011