Hopp til innhold
X
Innhald

Apollonius Liljedahl

Apollonius Liljedahl. © Fylkesarkivet

Apollonius Liljedahl. © Fylkesarkivet

Apollonius Liljedahl (1734-1814) Frå Danmark, truleg København eller Helsingør. Busett i Vik.

Utdanna skreddar, men vert rekna som pioneren i fruktdyrkinga i Sogn. Faren var gartnar i København, og truleg hadde han med seg kunnskap om fruktdyrking derifrå.

I Vik vart han kyrkjesongar, og fekk kjøpe eit stykke jord på Hopperstad, der han planta stor frukthage og dreiv planteskule. I 1785 fekk han pengepremie og sølvmedalje frå Det Kongelige Danske Huusholdnings Selskab for å ha planta 725 eple– og pæretre, 36 morell– og aprikostre, «plus et stort antal som han hos andre har indbpodet og foræret».

Han fekk også pengepremie frå Det Nyttige Selskab i 1784, og i 1804 heidersmedalje for det same selskapet. Frå 1790 til 1803 selde Apollonius Liljedahl 574 epletre, 26 pæretre, 61 morelltre og 2 aprikostre.

Saman med presten Jacob Thode vert han rekna som den som innførte poteta til Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011