Arnbjørn Jonsson
Arnbjørn Jonsson (ca. 1180-1240). Baglarleiar og sysselmann. Stamma frå hovdingsetet Ornes som son til Jon frå Ornes.
Arnbjørn vart fostra opp hjå Baglarbispen Nikolas Arnesson frå den kjende Stårheimsætta i Nordfjord.
Baglarane ropte i 1204 ut Erling Steinvegg som sin konge, og då denne «baglarkongen» døydde i 1218, vart Arnbjørn kong Håkon sin mann og utnemnd til syslemann i Østfold. I 1240 vart han truleg såra i eit slag mot hertug Skule på Austlandet, for han døydde kort tid etter.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.11.2007