Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Balvoll

Arne Balvoll (1863–1933) frå Vik. Planteskulestyrar. Han hadde lært seg plantestell m.a. ved studiereiser til Danmark og Sverige, og starta planteskule for frukt– og bærbuskar alt i 1887. Sjå Balvolls Planteskule.

I 1901 starta han produksjon av skogplantar, og bygde planteskulen opp som ein av dei viktigaste leverandørane av skogplantar på Vestlandet. M.a. leverte Balvoll plantar til Bergens skog- og træplantningsselskap, som dreiv skogdyrking på leigde eller kjøpte jordstykke m.a. i Solund og Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011