Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Eliasson Sølvberg

Arne Eliasson Sølvberg.<br>Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Arne Eliasson Sølvberg.
Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Arne Eliasson Sølvberg (1879–1954) frå Innvik, busett i Naustdal. Lærar, organisasjonsmann og redaktør. Kom til Ullaland som lærar i 1900. Dreiv Naustdal Prenteverk, og starta på 1930–talet lokalavisa ”Bygdebladet”, der han også var redaktør – sjå: Aviser og media i Naustdal. Avisa kom ut som bygdeblad for Naustdal kommune i nokre år fram mot krigen.

I 1919 starta han saman med andre lærarar det riksdekkjande: Bladet Folkeskulen – eit fagblad for lærarar, og dreiv dette saman med andre lærarar fram til bladet gjekk inn kring 1926.

Hadde tillitsverv i målrørsla, var medskipar av Midtredalens Skyttarlag og Naustdal handelslag. Slutta i 1922 som lærar og vart gardbrukar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.12.2007