Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Henden

(Foto: Arild Nybø, NRK)

(Foto: Arild Nybø, NRK)

Arne Henden fødd 1932 frå Sandane. Forretningsmann og flypionér. Eig ein større forretningseigedom i Sandane sentrum. Son til Olav K. Henden, som dreiv sports– og bilforretning. Arne gjekk inn i forretningsdrifta, og tok etter kvart over faren sitt Volvo–agentur. (Sjå Forretningsfamilien Henden).

I 1957 grunnla Arne Henden flyselskapet Fjordfly, med base på Sandane. Flyselskapet dreiv taxiflyging, ambulanse og avisflyging med sjøfly. I 1975 gjekk flyselskapet konkurs då dei freista å satse tungt på landfly for å betjene den veksande oljeindustrien kring Nordsjøen. Selskapet vart etter konkursen omskipa til Firdafly A/S, som dreiv til år 2000.

Som Volvo-forhandlar hadde Arne Henden stort anlegg i Mona på Sandane og avdelingar i Førde og Sogndal. I 1984 miste han Volvo-agenturet, og verksemda gjekk konkurs. Henden var eit sentral medlem av den lokale flyplassnemnda då Anda i Gloppen på 1970-talet vart peika ut som småflyplass for Nordfjord – Sandane lufthamn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011