Faktaboks

Arne Kjøde
Fødd
15. november 1852, Kjøde i Selje (no Stad), Nordre Bergenhus amt (no Vestland)
Død
15. oktober 1933, Bergen, Hordaland (no Vestland)

Arne Kjøde var lærar og skreiv mellom anna to små hefte om grammatikk.

Bakgrunn, arbeidsliv og forfattarskap

Kjøde var fødd i Kjøde i Selje i Nordfjord. Han var utdanna lærer og arbeidde ved det som i samtida heitte Bergens almuskolar. Han blei etter det tilsynslærar i Bergen. I 1880-åra gav han ut to små hefte om grammatikkdansk-norsk. Ordlister for retskrivning (ukjent år) er eit fire-siders hefte med oversyn over bøyingsformer og skrivemåtar i dansk-norsk. Grammatik i grafisk fremstilling (1884), også på dansk-norsk, er eit ti-siders oversyn over ordklasser og bøyingsmønster, med enkle illustrasjonar. Norfjoringen so va under opperasjon paa Bergens offentlegne (sic!) sykehus (1902) er ei skrøne, skriven på nordfjordmål om ein mann frå Indre Nordfjord sitt møte med Bergen, bergensarar og sjukehuset i byen.

I 1898-årgangen av Syn og Segn finn vi teksten «Um troll og hulder», bygd på eit foredrag Kjøde heldt i Vestmannalaget i desember 1897. Ein hovudtanke er at forteljingane om troll og huldrer er meir enn berre fantasi og dikting. Kjøde meinte at slike segner og eventyr er biletlege uttrykk for at det budde andre folkegrupper i Noreg før forfedrane våre kom hit. Segnene og eventyra fortel oss at det har vore strid mellom ulike folkegrupper fram gjennom tidene, der dei eldre gruppene har vorte trengde unna av nye innflyttarar.

Ettertidas vurdering

Kjøde er omtala svært kort i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, band 3, i eit kapitel om personar frå Selje. Interessant nok har sonene hans, særleg ein av dei, Jakob Kjøde, fått breiare omtale enn faren, og dèt under oppslaget om Arne Kjøde. Også i Carl Lauritz Lund-Iversen (red.): Ord gjennom år: dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord: 1700-1986 med bibliografi er Kjøde omtalt. Her figurerer han berre i bibliografien; ingen av tekstane hans er komne med i tekstutvalet til Lund-Iversen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg