Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Kyrkjebø

Foto: Arild Nybø, NRK.

Foto: Arild Nybø, NRK.

Arne Kyrkjebø (1940-2011) frå Flekke. Lærar, rådmann og Arbeidarparti-politikar. Han arbeidde som lærar i kommunen før han vart skulesjef i Fjaler 1988-1995.

Frå 2002 var han tilsett som rådmann i Fjaler kommune. Kyrkjebø var ordførar i Fjaler 1995-2002.

Kyrkjebø var medlem av fylkestinget 1991-1995. Han har elles hatt ei rad tillitsverv m.a. i ungdomslag og idrettslag, og var styreleiar i Sogn og Fjordane Teater frå 1994 til 2004.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011