Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Lothe

Arne Lothe, fødd 1938, frå Sandane. Politimann og friidrettsutøvar – slegge. Han var medlem av STIL, Viking Bergen, Gular, AKS 77 og GFIL.

Lothe representerte IL Gular i Bergen under nasjonale stemne, og har m.a. fem NM-titlar som senior. Han har også vore med på å ta sju NM-titlar for lag i friidrett.

Han sette verdsrekord to gonger i slegge og to gonger i vektkast for veteranar. Lothe deltok i alt i 54 seniorlandskampar og seks juniorlandskampar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011