Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Nore

Arne Nore. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Arne Nore. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Arne Nore fødd 1946, frå Bryggja, busett i Ålesund. Siviløkonom og grunnleggjar av fiskerikonsernet Pan Fish. Bygde på 1990-talet opp oppdretts- og fiskeforedlingskonsernet Pan Fish til eit av verdas største fiskeriselskap, med ei omsetning på 4,7 milliardar kroner i 2000. Etter utdanning som siviløkonom, arbeidde Nore m.a. som fiskerisjef i Sogn og Fjordane frå 1972 til 1983.

Deretter som bankmann m.a. med ansvar for fiskeriavdelinga i Kreditkassen før han sjølv starta som privat forretningsmann frå slutten av 1980-åra.

Oppdrett i Canada

Han reiste først til Canada, der han bygde opp eit stort oppdrettsselskap. Då han kom tilbake til Noreg, skipa han selskapet Pan Fish som skaffa seg kontroll over ei mengd oppdrettsanlegg og foredlingsverksemder i Sogn og Fjordane.

Milliardselskap

Pan Fish fekk hovudsete i Ålesund. Nore vart sjølv den største aksjonæren i det børsnoterte selskapet som på det meste vart verdsett til 13 milliardar kroner.

Saman med sambygdingane Bjarte og Leif Petter Tunold eigde Arne Nore over 26 prosent av holdingselskapet i konsernet.

Pan Fish har m.a. kjøpt opp dei Måløy-baserte fiskeri- og oppdrettsselskapa Global Fish, Måløy Sildoljefabrikk A/S og oppdrettsdivisjonen til OK-Fish Kvalheim. I 1999 kjøpte Pan Fish Norway Seafarms, der også det Florø-baserte selskap Go-Fish var med. Dette selskapet hadde m.a. overteke Skaarfish sitt produksjonsanlegg i Gunnhildvågen.

Størst i fylket

Med desse kjøpa vart Pan Fish det klårt største oppdrettsselskapet i Sogn og Fjordane, og med store foredlingsanlegg i kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy.

Etter konjunkturfall i 2002 og gjeldskrise som nær hadde slått Pan Fish konkurs, vart Nore og dei andre aksjonærane frå Sogn og Fjordane tvinga til å gje frå seg styringa i Pan Fish til bankane DnB og Nordea, som etter refinansiering kontrollerte 80 prosent. Sidan vart selskapet kjøpt opp av multimilliardæren John Fredriksen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011