Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Rygg

Arne Rygg fødd 1931 på Sørstranda, busett i Oslo. Skodespelar, lærar og forfattar.

Etter eksamen ved Teaterskulen arbeidde Rygg tre år som skodespelar ved Det Norske Teatret før han var tilsett i høyrespelavdelinga i NRK 1961–1967. Arbeidde deretter som lærar i 30 år ved Smestad skule i Oslo. Gav i 2006 ut historieboka «Liv og lagnad på Sørstranda».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2009