Hopp til innhold
X
Innhald

Arnfinn Stølen

Arnfinn Stølen fødd 1939 i Øvre Årdal, busett i Oslo. Høgskulelærar og musikar. Utdanna cand. philol. med musikk hovudfag. Førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo.

Som musikar har han arbeidd frilans som fiolinist og songar. I 1995 gav Stølen ut ”Songskatten vår” (Det Norske Samlaget) om norske songtradisjonar.

Han har i tillegg gitt ut to vitskapelege arbeid om vokal folkemusikk, ”Grunnlagsteori for tonalitet i vokal folkemusikk” og ”Musikkspråk i joiktradisjon”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016