Hopp til innhold
X
Innhald

Arnoldus M. Hille

Arnoldus M. Hille (1829–1919) frå Fresvik, busett i Hamar. Biskop. Cand. theol. 1852. I ungdomen var han sterkt påverka av filosofen Søren Kierkegaards tankar. Frå 1858 notarius for det teologiske fakultetet. Han vurderte ei tid å reise ut som misjonær i flokken kring Hans Paludan Smith Schreuder. Sekretær i Det norske Bibelselskap 1861 – 1865. Fengselsprest i Bergen 1865–1872.

Res. kap. i Stange 1872-1876. Stiftsprost i Hamar og sokneprest i Vang 1876, og biskop i Hamar 1887–1906. Som pensjonist arbeidde han til han var 85 år som fengselsprest i Oslo. Bror til Lars Mathias Hille.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011