Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Helle

Arve Helle vart vald til ordførar i Fjaler i 2003.

Arve Helle vart vald til ordførar i Fjaler i 2003.

Arve Helle fødd 1971 i Dale. Idrettsadministrator og Arbeidarparti-politikar. Helle arbeidde m.a. som journalist i avisa Firda før han i 1994 vart konsulent i Sogn og Fjordane Fotballkrets fram til 2000, og same stilling frå 2002.

Han har vore leiar i Fjaler Arbeidarparti frå 1996, og politisk sekretær i Fiskeridepartementet 2000-2001. Varaordførar frå 2002 og ordførar frå 2003.

Medlem av fylkestinget frå 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.09.2011