Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Sandal

Framsida på boka som Arve Sandal gav ut i 2011. Foto: Skald forlag.

Framsida på boka som Arve Sandal gav ut i 2011. Foto: Skald forlag.

Framsida på boka som Arve Sandal gav ut i 2011. Foto: Skald forlag.

Arve Sandal fødd 1948 på Sandane. Journalist i Sunnmørsposten 1974-1982 og NRK Sogn og Fjordane 1982–1986. Han skipa saman med Ole Fretheim videoproduksjonsselskapetVest Vision i Førde 1986.

Frå 1991-2001 var Sandal redaksjonssjef ved NRK Sogn og Fjordane. Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane frå 2001 til 2013. Då vart han tilsett som prosjektleiar for Nynorsk avissenter (sjå Firda).

Han har stått sentralt i arbeidet med Konjunkturbarometeret for Sogn og Fjordane sidan det vart skipa i 2002.

Forfattar av praktbøker

Sandal gav i 2008 ut boka ”Rein luksus” – om natur og mat (Skald forlag) med foto av Arve Ullebø, og i 2011 kom ”Reint eventyr – frå Hornelen til Galdhøpiggen” (Skald forlag), ei skildring av ein trevekers fottur frå havet til Jotunheimen, med foto av Simone Stibbe og Arve Ullebø.

Bror til Svein Ottar Sandal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2013