Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Uglum

Arve Uglum. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Arve Uglum. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Arve Uglum fødd 1975 på Skjolden, oppvaksen på Kaupanger, busett i Sogndal. Journalist og forfattar. Har vore journalist i Sogn Dagblad 1996-1997, Årdal & Lærdal avis 1997-1999 og NRK Sogn og Fjordane frå 2001.

Uglum gav i 2010 ut boka ”Grautmål” (Skald Forlag) saman med Øystein Alexander Vangsnes om ord og uttrykk frå Sogn og Fjordane, bygd på ein radioserie med same tittelen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016