Hopp til innhold
X
Innhald

Arvid Andenæs

Arvid Andenæs fødd 1954, frå Vereide, busett i Førde. Siviløkonom og adm. banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane frå april 2001. Før det var han regiondirektør for Nord-Noreg i Fokus Bank.

Andenæs tok initiativet til skiping av Gjensidige sin nettbank med hovudkontor i Førde i 2006, og har stått sentralt i arbeidet med m.a. skiping av investeringsselskapet Fjord Invest og for utvikling av eit større finansielt miljø i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011