Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Gjengedal

Generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund 1982-1987.

Asbjørn Gjengedal fødd 1940 i Hyen. Cand. theol. Arbeidde som feltprest i Bardu i to år før han i 1969 vart res. kap. i Breim. Sokneprest i Gloppen 1976-1982.

Generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund 1982-1987.

Sokneprest i Ålesund og prost i Nordre Sunnmøre prosti 1987-1996. Prostiprest i Nordfjord 1996-2007, og han har m.a. vore sjukehusprest ved Nordfjord sjukehus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011