Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Vølstad

Foto: VG.

Foto: VG.

Asbjørn Vølstad fødd 1962 i Drammen, oppvekst i Førde. Volleyballspelar som har spela i den norske toppserien for Førde og KFUM Oslo og Kolbotn.

Han var fire år som profesjonell volleyballspelar i UCLA i Los Angeles, USA. Laget vart då amerikansk meister to gonger, og Vølstad vart kåra til beste spelaren i den amerikanske serien eitt av åra. Han var deretter profesjonell i Hamburger Sportverein i Tyskland i to år, og to år i Grenoble, Frankrike. I eitt år arbeidde han som trenar for UCLA.

Asbjørn Vølstad har spela 111 landskampar. Tilhøyrer Volleyballsyskena Vølstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.11.2010