Hopp til innhold
X
Innhald

Åsmund Berthelsen

Åsmund Berthelsen fødd 1952 på Åmdals Verk, busett i Naustdal. Lærar, journalist, forleggjar og politikar.

Åsmund Berthelsen fødd 1952 på Åmdals Verk, busett i Naustdal. Lærar, journalist, forleggjar og politikar.

Leiar i Senterungdomens Landsforbund 1974-1978. Medlem av Naustdal kommunestyre for SV frå 1988, og var også varaordførar ein periode. Redaktør av «Dølaposten» Otta 1978-1980.

Starta «Sogn og Fjordane Magasin» 1980, og dreiv dette fram til 1989. Starta Sogn og Fjordane Forlag i 1980, seinare endra til Vestlandsforlaget, nedlagd i 2001.

Berthelsen gav ut historia om idrettslaget Tambarskjelvar i 2008 saman med Ivar Longvastøl.

Har redigert medlemsbladet til Norges Bonde- og Småbrukarlag, vore fylkessekretær for småbrukarlaget, Nei til EU og SV.

Gift med Magni Øvrebotten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.12.2010