Hopp til innhold
X
Innhald

Åsmund Færøy

Åsmund Færøy fødd 1916 i Solund, busett i Haugesund. Fabrikkarbeidar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Åsmund Færøy fødd 1916 i Solund, busett i Haugesund. Fabrikkarbeidar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Arbeidde som læregut ved motorfabrikk på Rubbestadneset, men rømde til Shetland i 1941 og slutta seg til dei norske styrkane.

Fekk spesialopplæring som hemmeleg agent og vart på oppdrag frå Sjøforsvarets overkommando send til Noreg i april 1945 med oppgåve å hindre at tyskarane gjorde sabotasje på hamna i Stavanger når dei kapitulerte. Han vart arrestert av tyskarane like før freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008