Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Marie Nistad

Astrid Marie Nistad sto for opninga av den utvida riksveg 57 i 1999. Til venstre står dåverande ordførar Arne Kyrkjebø, og til høgre er vegsjef Lars Lefdal. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Astrid Marie Nistad sto for opninga av den utvida riksveg 57 i 1999. Til venstre står dåverande ordførar Arne Kyrkjebø, og til høgre er vegsjef Lars Lefdal. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Astrid Marie Nistad fødd 1938, frå Hellevik, busett i Sogndal. Formannskapssekretær, merkantil leiar og Arbeidarparti-politikar.

Handelsskule frå 1956. Har m.a. vore formannskapssekretær i Gaular kommune 1970-1984, rekneskapsleiar ved Jostedals-anlegga, Statkrafødd 1984-1985 og merkantil leiar i Statkraft frå 1985, med permisjon frå 1986.

Av politiske verv har Nistad m.a. vore styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1976-1979. Leiar i kvinnepolitisk utval i fylkespartiet 1989-1997 og styremedlem i kvinnepolitisk styre på landsplan 1992-1998. Medlem av fylkesting og fylkesutval 1983-1987. Statssekretær i olje- og energidepartementet 1985-1989. Stortingsrepresentant 1989-2001.

Mellom ei rad offentlege verv har Astrid Nistad m.a. site i styret for sjukepleiarhøgskulen i Førde, styremedlem i Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Energiverk, og vore varamedlem til styret i Oljedirektoratet. Medlem av styret i Noregs Mållag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011