Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Færøy

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Atle Færøy fødd 1932 på Færøy, busett i Fræna i Romsdal. Målar, grafikar og skulptør, utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo.

Debuterte 1964 på Statens Kunstutstilling, og har sidan hatt ein mengd utstillingar i inn- og utland og offentlege utsmykkingsoppdrag. M.a. har han stilt ut i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde. Er kjøpt m.a. av Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet.

Færøy har også arbeidd med scenografi, og gav i 1976 ut læreboka «Grafikk med enkle midler».

© Atle Færøy.

© Atle Færøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011