Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Nesje

Atle Nesje fødd 1956 i Olden, busett i Bergen. Dr. scient. 1990 og professor i geologi ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen frå 1997.

Han er knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking. Nesje har m.a. drive forsking på klima, isbrear og innsjøavsetningar i Noreg, Storbritannia og det nordlege Canada. Han har gjeve ut fleire bøker og eit stort tal artiklar om emna i internasjonale vitskapstidsskrift. Nesje har leia fleire store forskingsprosjekt innan geologi, m.a. om alderen på Jostedalsbreen og Folgefonna. Her fann han m.a. ut at Jostedalsbreen ikkje er ein rest frå istida, men at breen var smelta heilt bort for kring 7500-6000 år sidan.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011