Hopp til innhold
X
Innhald

Aud Viken

Ho har elles m.a. vore styremedlem i Statens Industrivekstanlegg – SIVA – og styreleiar i Sunnfjord Energi.

Aud Viken fødd 1950 i Førde. Sjukepleiar, sjukehusdirektør og Arbeidarparti-politikar. Ho vart i 1988 den første kvinnelege ordføraren i Førde, og var ordførar samanhengande i 16 år. Var fylkesleiar for Arbeidarpartiet 1996-2000. Medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet 1998-2002.

Ho har elles m.a. vore styremedlem i Statens Industrivekstanlegg – SIVA – og styreleiar i Sunnfjord Energi.

Frå august 2003 var Aud Viken direktør for Førde Sentralsjukehus, og etter omorganisering i 2004 tilsett som direktør for rehabilitering og kronisk sjukdom-klinikk i Helse Førde fram til 2007, då ho gjekk over i stilling i den kommunale helseomsorga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010