Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Endestad

Audun Endestad fødd 1953 i Rimstaddalen, Bryggja, busett i Anchorage, Alaska. Skiløpar og instruktør.

Audun Endestad fødd 1953 i Rimstaddalen, Bryggja, busett i Anchorage, Alaska. Skiløpar og instruktør.

Enestad emigrerte til USA og vart ein av dei leiande langrennsløparane der på 1980-talet. Høgdepunktet var deltaking på det amerikanske landslaget i Sarajevo-OL i 1984.

Han arbeidde også i fleire sesongar som skitrenar i Australia, der han fleire gonger vart australsk meister i langrenn.

Etter at han la opp har Endestad arbeidd som skiinstruktør og jaktguide i Alaska.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010