Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Lem

Audun Lem (1888-1980). Fødd i Sogndal, busett i Måløy. Fabrikkeigar og fiskebåtreiar. Audun var son til lensmann Nils Lem i Sogndal og kom til Måløy 1906. Fram til 1910 arbeidde han i fiskefirmaet til Ulf Lem.

Etter studieopphald i Tyskland, grunnla Audun Lem Firda Canning Co i 1916 saman med Hans Søreide. Etter ein brann og oppattbygging i 1916, styrde Søreide Firda Canning fram til 1923. Då tok Audun Lem over, og Firda Canning har vore i Lem–slekta si eige sidan.

Audun Lem hadde mange politiske ombod, m.a. i styret for Fylkesbaatane. Han bygde m.a. den herskapelege Lem–villaen med stort parkanlegg på Gotteberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.04.2010