Hopp til innhold

​Hanna Relling Berg

Hanna Lovise Relling Berg, journalist og redaktør. Ho har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og i 2007 blei ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa.

Les meir om ​Hanna Relling Berg

Aina Basso

Aina Basso

Aina Irene Basso, historikar med kvensk bakgrunn på farssida og forfattar av historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, med handling frå 1600- og 1700-talet.

Les meir om Aina Basso

Ananias Brune

Ananias Johannes Brune, lærar og læstadiansk forkynnar. Saman med Karl E. Akre stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Les meir om Ananias Brune

Anton Beinset

Anton Konrad Kristianson Beinset, journalist og redaktør. Han var ein av dei store journalistane i første halvdel av 1900-talet, sa sjølv at han tenkte på dialekt, skreiv på nynorsk og omsette til bokmål, og las korrektur på sin eigen nekrolog.

Les meir om Anton Beinset

Arne Brimi

Arne Brimi

Arne Brimi, kokk, kokebokforfattar og gründer frå Vågå. Han har gjeve ut ei rekkje bøker om norsk mat basert på naturlege råstoff, og han har delteke i fjernsynsserien ”Gutta på tur” på TV 2.

Les meir om Arne Brimi

Arnt Bakke

Arnt Bakke, høgskulelektor og folkemusikksamlar. Han oppretta Nordnorsk Folkemusikksamling i 1949 og var den første styraren av samlinga.

Les meir om Arnt Bakke

Arthur Berg

Arthur Bjarne Berg, mangeårig redaktør i den kristne avisa Dagen og ein av dei fremste meiningsberarane blant kristenfolket gjennom etterkrigstida.

Les meir om Arthur Berg

Arve Brunvoll

Arve Brunvoll er prest, professor og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.

Les meir om Arve Brunvoll

Arve Moen Bergset

Arve Moen Bergset, fiolinist, hardingfelespelemann, kvedar og songar. Han blei i ung alder kjend for den klokkeklare songstemma si, som trollbatt fjernsynspublikum og platekjøparar. Få, om nokon, andre tradisjonsmusikarar enn Bergset har opplevd å oppnå barnestjernestatus på riksnivå.

Les meir om Arve Moen Bergset

August Bosse

August Jacob Bosse, typograf og målmann, fagforeiningsleiar og omsetjar. Han var typograf i Den 17de Mai og omsette Det kommunistiske manifestet til nynorsk.

Les meir om August Bosse

Bertrand Jensen

Jens Bertrand Jensen, seinare Bertrand Vinner, bokhandlar, forleggjar og gardbrukar. I 1890-åra var han den viktigaste forleggjaren for forfattarar som skreiv landsmål.

Les meir om Bertrand Jensen

Brita Bratland

Brita Bratland, bonde og kvedar, blei med sitt rike repertoar og sin tekstretta syngjestil ei viktig inspirasjonskjelde for yngre folkesongarar i 1970-åra.

Les meir om Brita Bratland

Cornelius Berg Bugge

Cornelius Berg Bugge, forretningsmann og eigedomsmagnat som satsa alt han tente på å utvikle nynorske forretningstiltak og dermed sikra grunnlaget for både aviser, hotell og teater, men sjølv gjekk han konkurs.

Les meir om Cornelius Berg Bugge

Dagmar Blix

Dagmar Blix, lærar og forfattar frå Lofoten, har skrive over 20 bøker, mest for barn og ungdom, og er rekna som ein av dei sentrale barnebokforfattarane i Nord-Noreg. Forankra i ein eldre forteljartradisjon ville ho formidle dei fortidige livsvilkår på kysten i nord til ein ny generasjon.

Les meir om Dagmar Blix

David Olsson Bakke

David Olsson Bakke, bonde, målmann, avisredaktør, stortingsmann og lokalhistorikar. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste radikale bygdepolitikarane på Vestlandet.

Les meir om David Olsson Bakke

Edvard Befring

Edvard Befring er den første professoren i spesialpedagogikk i Noreg, og han har markert seg som forskar internasjonalt. Førebygging av problemåtferd og kravet om eit verdig liv for barn og unge er viktige mål i arbeidet hans.

Les meir om Edvard Befring

Eirik Bruhjell

Eirik Bruhjell gjorde ei dannings- og klassereise frå husmannsson til prost. Før han gjekk inn i prestetenesta, var han folkehøgskulelærar og aktiv målmann.

Les meir om Eirik Bruhjell

Elias Berdal

Elias Petersson Berdal, bedriftsleiar. Han var ein av dei fremste økonomane i målrørsla før 1940, og ingen enkeltperson hadde meir å seie for utviklinga av nynorsk handelsspråk i første halvdel av 1900-talet.

Les meir om Elias Berdal

Elias Berge

Elias Jakob Berge, teolog og generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge var notbasen frå Sunnmøre som vart prest og ein viktig pioner i norsk nødhjelpsarbeid.

Les meir om Elias Berge

Elias Blix

Elias Blix

Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom salmane og omsetjinga av Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.

Les meir om Elias Blix

Engvald Bakkan

Engvald Bakkan, apotekar og forfattar, var ei lågmælt forfattarrøyst frå skog- og heiebygda Åmli i Aust-Agder. Han skildra tragiske menneskelagnader frå åmlisoga i trilogien Krossen er din (1947–52), men kom lenge i skuggen av litteraturen frå sørlandskysten, som i lang tid definerte diktinga på Agder.

Les meir om Engvald Bakkan

Gerd Kjellaug Berge

Gerd Kjellaug Berge, hotelldirektør. Med bruk av nynorsk i leiarverv både i Norsk Hotell- og Restaurantforbund og Næringslivets Handelsorganisasjon blei ho kåra til «Årets nynorskbrukar 2002».

Les meir om Gerd Kjellaug Berge

Hagbard Berner

Hagbard Berner

Hagbard Emanuel Berner var avisredaktør, politikar, forleggjar og foreiningsmann. Som stortingsmann og grunnleggjar av Dagbladet og Det Norske Samlaget var han ein sentral aktør i det store venstreprosjektet som endra Noreg på 1800-talet.

Les meir om Hagbard Berner

Hallgrim Berg

Hallgrim Berg

Hallgrim Berg, politikar, har vore stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud. Han er òg kjend som folkemusikar. Det årelange arbeidet hans for å verne den norske kulturarven har i dei seinare åra dreia i retning av motstand mot islam og dei framande.

Les meir om Hallgrim Berg

Hallvard Blekastad

Hallvard Blekastad var kunstmålar, lærar og hagebrukar – og svært oppteken av norsk språk og åndelege spørsmål. Ivar Aasens grammatikk pla liggje på nattbordet hans, saman med bøkene til venen Olav Aukrust.
Les meir om Hallvard Blekastad

Halvard Bjørkvik

Halvard Bjørkvik, historikar, forskar og museumsmann. Han har lagt ned ein stor innsats for norsk lokalhistorisk forsking, formidling og kulturvern.
Les meir om Halvard Bjørkvik

Hans Børli

Hans Børli

Hans Børli, 1918–89, var forfattar og skreiv lyrikk, romanar og ei novellesamling. Børli skreiv ei lang rekkje naturdikt, men òg råkande, realistiske skildringar frå skogsarbeidaryrket.
Les meir om Hans Børli

Hans W. Brimi

Hans W. Brimi, bonde og felespelar frå Lom, var den viktigaste flatfelespelaren i Noreg på 1900-talet og gjorde flatfela godteken i kappleikar. I åra 1941–1973 vann han A-klassa for vanleg fele under landskappleiken heile 13 gonger.

Les meir om Hans W. Brimi

Herborg Bryn

Herborg Bryn, journalist, programleiar og kommunikasjonsarbeidar. Ho var som kanalsjef for NRK P2 sentral i utviklinga av radiokanalen sin profil.

Les meir om Herborg Bryn

Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum, folkemusikar, folkedansar og kulturarbeidar som har vore sentral i arbeidet med å utvikle folkemusikkfestivalen i Førde til ein knutepunktfestival med internasjonal profil.

Les meir om Hilde Bjørkum

Jan-Petter Blom

Jan-Petter Blom, folkemusikkforskar, felespelar og professor i sosialantropologi, pedagog og pådrivar innanfor norsk folkemusikk gjennom mange tiår.

Les meir om Jan-Petter Blom

Jens Bratlie

Jens Bratlie

Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka i talen sin i Bondeungdomslaget i Oslo.

Les meir om Jens Bratlie

Jens Brekke

Jens Brekke, lærar, kulturarbeidar og songar frå Vik i Sogn. Han er ein framståande formidlar av Per Sivle si dikting, men har også skrive og framført ei rekkje eigne viser og småforteljingar.

Les meir om Jens Brekke

Johannes A. Barstad

Johannes Andreas Barstad var prest i Volda og på Voss. Han skreiv salmar, og han grunnla og redigerte i over førti år det kristelege målbladet Stille Stunder, som framleis kjem ut.

Les meir om Johannes A. Barstad

Johannes Belsheim

Johannes Engebretson Belsheim, husmannsgut og skomakarson frå Valdres som vart heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Midt i livet tok han avskil frå eit presteembete for å konsentrere seg om bibelgransking og anna forfattarverksemd.

Les meir om Johannes Belsheim

Johannes Bull

Johannes Catharinus Bull, ingeniør og industrileiar, som helst skreiv engelsk eller landsmål, og som var ein viktig økonomisk hjelpar for mange nynorske aviser.
Les meir om Johannes Bull

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Frydenlund Bakke, gründer, petitskribent og lyrikar, som skreiv på sognemål i delar av forfattarskapen sin.

Les meir om Kari Bakke

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Marie Bråten Berg, folkemusikar, visesongar og sølvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeidet med musikarar frå andre musikktradisjonar.

Les meir om Kirsten Bråten Berg

Kjetil Bang-Hansen

Kjetil Bang-Hansen, teatersjef, skodespelar og instruktør. Han har vore ein av dei mest sentrale teatersjefar og regissørar i Noreg sidan 1960-talet.

Les meir om Kjetil Bang-Hansen

Kristin Bakken

Kristin Bakken, forskingsdirektør. I åra 2002–2008 etablerte ho som prosjektdirektør Norsk Ordbok 2014 som eit prosjekt for å fullføre verket til grunnlovsjubileet i 2014.

Les meir om Kristin Bakken

Lars Berg

Lars Kornelius Edvard Berg var lærar og forfattar. Han var motstandsmann og krigsfange under andre verdskrigen. Berg tok initiativ til skipinga av Hålogaland Teater.

Les meir om Lars Berg

Martin Birkeland

Martin Birkeland, lærar, norskdomsforkjempar og målmann, var den viktigaste drivkrafta i etableringa av Fana folkehøgskule, og han var styrar der gjennom meir enn tretti år.

Les meir om Martin Birkeland

Mary Bente Bringslid

Mary Bente Bringslid, sosialantropolog og barnebokforfattar som har studert den moderne norske bygdekulturen og vore ein representant for den nye forskinga på eige samfunn innanfor sosialantropologien.
Les meir om Mary Bente Bringslid

Milada Blekastad

Milada Blekastad var ein særmerkt personlegdom i norsk kulturliv. Ho kom frå Praha til Noreg som ungjente. Her levde ho resten av livet og vart ein framståande formidlar av tsjekkisk litteratur og kultur.
Les meir om Milada Blekastad

Mons Breidvik

Mons Breidvik, teiknar, målar og bokkunstnar, var mykje omtykt for stødige portrett og kjenslevare teikningar av badande småbarn. Dei største utsmykkingsarbeida utførte han i USA.
Les meir om Mons Breidvik

Narve Bjørgo

Narve Bjørgo, historikar og forskar. Han har gitt viktige bidrag til norsk mellomalderhistorie og var ein sentral person i oppbygginga av Universitetet i Tromsø i 1970-åra.

Les meir om Narve Bjørgo

Nils Bergslien

Nils Bergslien, kunstmålar og skulptør. Bergslien var ein folkelivsskildrar som nytta motiv frå norsk bygdetradisjon og frå norsk soge. Særleg er han kjend for nissebileta sine og andre bilete med godlynt skjemt.

Les meir om Nils Bergslien

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset, journalist, programskapar og forfattar. Gjennom ei rekkje fjernsynsprogram og bøker har han formidla historiene til folk som bur og har budd på avsidesliggjande stader, mellom anna gjennom fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Les meir om Oddgeir Bruaset

Ola Breivega

Ola Ireneus Breivega, norskfilolog og målmann som har engasjert seg sterkt i språkpolitikk og normeringsordskifte. I vaksen alder skifta han etternamn frå Bredeveien til Breivega.

Les meir om Ola Breivega

Ola Eiriksson Bø

Ola Eiriksson Bø, lærar, målmann, pioner innanfor den kristelege folkehøgskulen, avis- og museumsgrunnleggjar. I 1899 skipa han Valdres folkehøgskule.

Les meir om Ola Eiriksson Bø

Olav Beito

Olav Toreson Beito, professor og nynorsk språkgranskar. Han studerte dialektar og stadnamn og gav i 1970 ut den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasen.

Les meir om Olav Beito

Olav Bø

Olav Bø, professor i folkeminnevitskap, var ein mykje brukt popularisator av faget sitt. Folkekjær som han var, formidla han kunnskapen sin gjennom ulike medium også langt utanfor akademiske sirklar.

Les meir om Olav Bø

Ole Barman

Ole Gregor Liljedahl Barman, sjef for Det Norske Teatret i to sesongar i 1950-åra, med permisjon frå stillinga som lensmann i Bærum.

Les meir om Ole Barman

Oskar Braaten

Oskar Braaten

Oskar Alexander Braaten, heimstaddiktar, novellist, dramatikar, romanforfattar og bladmann som skildra fabrikkmiljøet på austkanten i Kristiania i første halvdelen av 1900-talet. Han skreiv lenge på nynorsk og blei ein viktig deltakar i målstriden.

Les meir om Oskar Braaten

Oskar Stein Bjørlykke

Oskar Stein Dalen Bjørlykke, teolog, lærar og prisløna forfattar av ei lang rekkje bøker for barn og vaksne. Han skriv naivistisk om sanseopplevingar til barn, som ofte er hovudpersonar i bøkene.

Les meir om Oskar Stein Bjørlykke

Otto Blehr

Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.

Les meir om Otto Blehr

Per Sæmund Bjørkum

Per Sæmund Bjørkum, fiolinist, spelemann og pedagog, med blikket retta mot både folkemusikktradisjonen frå Vågå og det store kunstmusikalske repertoaret.

Les meir om Per Sæmund Bjørkum

Peter Benum

Peter Albert Benum, skulemann og botanikar, overlærar ved Tromsø lærarskule og styrar av den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum gjennom mange år.

Les meir om Peter Benum

Paal Berg

Paal Berg

Paal Olav Berg, jurist og politikar for Venstre, var sentral i den norske motstandskampen under andre verdskrigen og var den offisielle leiaren for Heimefronten.

Les meir om Paal Berg

Ragna Breivik

Ragna Breivik, vevkunstnar, var ei sjølvmedviten og kompromisslaus kvinne som brukte uvanlege tekstile teknikkar i den store teppeproduksjonen sin. Møtet med Gerhard Munthe vart avgjerande for utviklinga hennar.

Les meir om Ragna Breivik

Ragnar Bjerkreim

Ragnar Bjerkreim, komponist som fekk sitt gjennombrot med musikken til filmane om Kamilla og tyven. Han har sidan komponert musikk for film og fjernsyn og er ein sentral bidragsytar i interesseorganisasjonen NOPA.

Les meir om Ragnar Bjerkreim

Ragnhild Bjørge

Ragnhild Bjørge, målkvinne og journalist. Ho var prosjektleiar for Aksjon nynorsk data 2000, som var med på å påverke Microsoft til å omsetje dei sentrale dataprogramma sine til nynorsk.

Les meir om Ragnhild Bjørge

Rasmus Breistein

Rasmus Dorthin Breistein, filmregissør. Han var med i den første framsyninga på Det Norske Teatret, var pioner i norsk film og laga den første spelefilmen med nynorsk tale.

Les meir om Rasmus Breistein

Reidar Bolling

Reidar Olav Bolling, prest og kyrkjehistorikar. Han skreiv fleire verk om lokalhistorie og lokal kyrkjehistorie og gav ut fleire biografiar.

Les meir om Reidar Bolling

Reidar Brendeland

Reidar Brendeland, artist, komponist og tekstforfattar. Han er primus motor i folkrockgruppa Vestlandsfanden, der han som den einaste har vore med heilt sidan starten. Gruppa har hatt fleire store hitar, mellom anna «Plommer i Hardanger».

Les meir om Reidar Brendeland

Rikard Berge

Rikard Berge, folkeminnesamlar og -granskar. Berge var ein produktiv og original granskar, og etterlét seg om lag 40 000 handskrivne A5-sider.

Les meir om Rikard Berge

Rolv Mikkel Blakar

Rolv Mikkel Blakar, professor i sosialpsykologi ved Universitetet i Oslo. Han set forholdet mellom språk og makt i sentrum og kjempar for å styrkje posisjonen til nynorsken og for å bevare norsk språk generelt.

Les meir om Rolv Mikkel Blakar

Rune Belsvik

Rune Belsvik

Rune Johan Belsvik, framståande, prislønt og nyorienterande forfattar av ei rekkje barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt, forteljingar og skodespel i meir enn 30 år. Han har skrive bøkene om Dustefjerten og Verdas mest forelska par.

Les meir om Rune Belsvik

Sondre Bratland

Sondre Bratland, folkesongar frå Telemark som i tiår og på personleg og særeige vis har formidla den mollstemde «blå gleda» som han så råkande omtaler stemninga i den vokale, religiøse folkemusikktradisjonen.

Les meir om Sondre Bratland

Steinar Brauteset

Steinar Brauteset, radiomann og forfattar. Han laga over 50 program om norsk okkupasjonshistorie, var utanrikskorrespondent i Paris og leidde Landbrukshalvtimen i 20 år.

Les meir om Steinar Brauteset

Synnøve Bjørset

Synnøve Sæmundsdotter Bjørset, frilansmusikar med hardingfele, fele og bratsj som instrument, og med spesialisering innanfor den tradisjonelle musikken frå Sunnfjord, Sogn og Valdres.

Les meir om Synnøve Bjørset

Tore Brunborg

Tore Brunborg, jazzsaksofonist, komponist og arrangør. Han har bak seg ei brei musikalsk verksemd, men er mest kjend for det lågmælte, meditative uttrykket.

Les meir om Tore Brunborg

Torgeir Bjørnaraa

Torgeir Drengsson Bjørnaraa, naturforteljar, journalist og lærar. Han var ein tidleg popularisator av naturvitskap og blei den fremste naturskildraren på landsmål.

Les meir om Torgeir Bjørnaraa

Torleiv Bjørgum

Torleiv Hallvardsson Bjørgum, folkemusikar og kulturarbeidar frå Setesdal, som med markerte rørsler i armar og bein heldt takten heilt til han døydde på scenen.

Les meir om Torleiv Bjørgum

Trygve Bjerkrheim

Trygve Alvgeir Bjerkrheim, teolog og forfattar, skreiv tusenvis av dikt og songar, mellom dei «Det er makt i de foldede hender» og «Han tek ikkje glansen av livet».

Les meir om Trygve Bjerkrheim

Vincenzo Bellini

Vincenzo Bellini

Vincenzo Bellini, italiensk operakomponist. Han var ein hovudeksponent for bel canto-stilen innanfor italiensk opera, særmerkt av lange, lyriske melodiar og svært godt samsvar mellom musikken og karakterane sin psykologi.
Les meir om Vincenzo Bellini

Wenche Blomberg

​ Wenche Blomberg, fødd i 1943, er forfattar og kriminolog. Ho har gitt ut "Galskapens hus. Internering og utskilling i Norge 1550–1850".
Les meir om Wenche Blomberg

Øystein Bjørdal

Øystein Bjørdal er prest og prestelærar og har arbeidd mykje med kyrkjemusikk og liturgiske spørsmål. Sidan 2002 har han vore domprost i Molde.

Les meir om Øystein Bjørdal

Aasulv O. Bryggesaa

Aasulv Olsen Bryggesaa, lærar, gardbrukar, leiande Venstre-politikar og kyrkjeminister. Han var med og omarbeidde Grunnlova i 1905, arbeidde for røysterett for kvinner og for skiping av landsgymnas.

Les meir om Aasulv O. Bryggesaa