Hopp til innhold
X
Innhald

Aasulv O. Bryggesaa

Aasulv Olsen Bryggesaa, lærar, gardbrukar, leiande Venstre-politikar og kyrkjeminister. Han var med og omarbeidde Grunnlova i 1905, arbeidde for røysterett for kvinner og for skiping av landsgymnas.

Aasulv Bryggesaa var fødd i Hægebostad i Vest-Agder 25. april 1856 og døydde same staden 3. april 1922. Han tok lærareksamen ved seminaret i Holt i Aust-Agder i 1877, tok over slektsgarden Eiken i Hægebostad i 1878 og var lærar i heimbygda 1878–84.
Bryggesaa sat i heradsstyret frå 1884, var ordførar frå 1889, skulestyreformann frå 1890 og hadde elles ymse kommunale og fylkeskommunale verv. Han var vararepresentant til Stortinget 1895–1900, stortingsrepresentant for Venstre 1900–1915 og var kyrkje- og undervisningsminister 1913–1915 i Gunnar Knudsens andre regjering.
Han var målmann og ein av «lærarpolitikarane». På Stortinget vart han ein autoritet i konstitusjonelle og forvaltningsmessige spørsmål, og han vart ein av dei fremste Venstre-politikarene i åra etter 1900. Han var ein hovudmann i omarbeidinga av Grunnlova etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905, var ein førar i saka om statsrettsleg røysterett for kvinner i 1907 og ein av Venstre sine leiande talsmenn i striden om konsesjonslovene i 1911.
Som kyrkjeminister var han mellom dei som stod statsministeren nærast. I 1913 gjekk han inn for å avskaffe ordensvesenet, kongens tildelingar av ordenar for særskild innsats for samfunnet. Framlegget fekk fleirtal, men ikkje stort nok etter Grunnlova. Same året sytte han for at Menighetsfakultetet fekk eksamensrett. Det var i hans statsrådstid ein byrja skipe dei første landsgymnasa.
Bryggesaa hadde lenge uvanleg stor arbeidskraft. Men etter stortingsvalet i 1915 gjekk han ut av regjeringa fordi helsa tok til å svikte.
Kjelder
Anna Caspari Agerholt: Den norske kvinnebevegelses historie. Oslo 1973
Korte træk av koncessionssakens historie. Av Aa. Bryggesaa. Utgit av Norges Venstreforening. Kristiania 1912
Vinstre og skulen. Av statsraad Bryggesaa. Norges Venstreforenings skrifter nr. 12. 1915. Kristiania 1915
A.O. Eftestøl: «Aasulv Bryggesaa». Norsk Aarbok 1922. Bergen 1922
Reidun Høydal: «Upp og fram! Landsgymnaset vert til». I Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007
Eva Kolstad (red.): Utsnitt av lovforslag, komité-innstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner. 17. mai 1914–11. juni 1913. Oslo 1963
Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914. Bd. I, del I. Kristiania 1914
Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 2001
Jostein Nerbøvik: «Aasulv O. Bryggesaa», Norsk biografisk leksikon, http://snl.no/.nbl_biografi/Aasulv_O_Bryggesaa/utdypning [lesedato 28.3.2012]
Norsk samfunnsvitenskapelige datatjeneste: Biografier 1905–1945. Aasulv Olsen Bryggesaa: http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=&lan=&MenuItem=N1_2&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=10451 [lesedato 28.3.2012]

Først publisert: 11.04.2012
Sist oppdatert: 28.01.2016