Hopp til innhold
X
Innhald

Admiral P (Philip Tom Joseph Boardman)

Admiral P, artist som lagar reggaemusikk med inspirasjon frå hiphop og pop. Han er ein føregangsfigur for reggaemusikk på norsk.

Philip Tom Joseph Boardman er fødd 27. mars 1982 i Lusaka i Zambia. Han flytta til Noreg som 13-åring og bur i Askim. Boardman reknar bantuspråket nyanja som morsmålet sitt, men har frå byrjinga av laga musikk med engelske og norske tekstar.

Admiral P var lenge med i reggaegruppa Jah Ark Manifest, som blei danna i 1999. Under artistnamnet Admiral P debuterte han med mikstapen «Muzikal Bullit – The Admiral story» i 2008. Året etter gav han ut albumet To the world saman med reggaeartisten Nico D. Med EP-ane Jobber overtid (2011) og Summer drop (2013) blei eit større publikum merksame på han. Jobber overtid var òg det første albumet der Admiral P nytta berre norske tekstar, og singelen «Snakke litt» blei mykje spela på radio. I 2014 gav han ut albumet Selvtillit & tro, der han markerte seg som norskspråkleg artist. Samstundes sikra albumet Admiral P sitt store gjennombrot, med songar som «Engel», «Skakke gi opp» og «Kallenavn».

Musikken til Admiral P er fengjande og moderne popmusikk med sterke røter i jamaicansk og afrikansk reggaetradisjon. Han hentar òg inspirasjon frå dancehallsjangeren, og slektskapen til hiphop blir tydeleg i samarbeidet med rapparar som til dømes OnklP. I vokalføringa har Admiral P eit gebrokkent norsk uttrykk, noko som gir ein særeigen musikalitet til tekstane.

Admiral P har òg slått igjennom i Sverige og har vore på A‑lista på svensk p3, noko som er sjeldan for norskspråklege artistar.

«Snakke litt» frå Jobber overtid blei nominert til Årets hit under Spelemannsprisen i 2011. I 2012 blei «Kallenavn» nominert i same kategori.

Kjelder

Per Christian Selmer-Anderssen: «Når jeg synger 'fy faen du ser bra ut', så er det for at alle skal si det», Aftenposten 23.11.2014: http://www.aftenposten.no/kultur/--Nar-jeg-synger-fy-faen-du-ser-bra-ut_-sa-er-det-for-at-alle-skal-si-det--7795244.html [lesedato 14.3.2015]

Nettstaden til Admiral P: http://admiralp.no/ [lesedato 14.3.2015]

Peikarar

Musikkvideoen til «Fy faen», frå Selvtillit & tro:

Admiral P framfører «Snakke litt» og «Spinnvill» på Gullfisken 2010:

Admiral P gir sin versjon av Lars Kilevolds klassikar «Livet er for kjipt», med den nye tittelen «Livet er så sweet»:

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 21.08.2015