Hopp til innhold
X
Innhald

Alban Berg

Alban Berg, 1885–1935, var austerriksk komponist. Saman med Webern og læraren Schönberg vart han ein av dei sentrale personane i den såkalla «nye Wienerskulen», som utvikla den atonale stilen. Berg skreiv mellom anna operaene Wozzeck og Lulu, kammerkonsert for klaver, fiolin og blåsarar, Lyrisk suite, songar og ein mykje spela fiolinkonsert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014