Hopp til innhold
X
Innhald

Alex(ander) Brinchmann

Alex(ander) Brinchmann, 1888–1978, var lege og forfattar. Etter debutromanen Deilig er jorden (1931) gav han ut både seriøse romanar og velskrivne kriminalromanar under psevdonymet Roy Roberts på 1930-talet. Brinchmann skreiv fleire skodespel, mellom anna Karusell (1940), og høyrespel. Han var formann i Den norske forfatterforening i perioden 1940–45.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.04.2012
Sist oppdatert: 25.04.2012