Hopp til innhold
X
Innhald

Ananias Brune

Ananias Johannes Brune, lærar og læstadiansk forkynnar. Saman med Karl E. Akre stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Ananias Johannes Brune var fødd i Dalsbygda i Volda 20. november 1853 og døydde i Hammerfest 23. desember 1942. Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminar i 1874. Deretter var han lærar i Helgøy i juli–oktober 1874, i Skallelv og Salttjern distrikt i Nord-Varanger til 1883 og i folkeskulen i Vadsø til 1920. Deretter flytta han til Hammerfest.
 
Brune sat i bystyret i Vadsø i perioden 1903–20, var i fleire år medlem av formannsskapet og var ordførar i 1913. Han var medlem av fattigstyret i tolv år, sju år som formann, var lærarrepresentant i skulestyret i mange år og var forlikskommisær og overformyndar. I feriane var han i mange år telegrafist og oppsynsmann under Finnmark-fisket.
 
Brune var læstadianar og verka som forkynnar både i Vadsø og Hammerfest. I 1885 vart han suspendert frå lærarstillinga i Vadsø på grunn av mindre avvik frå den augsburgske truvedkjenninga. Han vart frikjend i prosteretten og gjekk tilbake i stillinga 1. september 1889.
 
Han omsette preiker av Læstadius frå kvensk til norsk, mellom anna Læstadius' kyrkjepostill. I 1927 gav han ut Nogen ord om Læstadius og Læstadianismen, og i 183037 redigerte han det læstadianske månadsbladet Sions blad.
 
I juli 1875 gav han saman med Karl E. Akre ut landsmålbladet Finnmarkingen, men bladet kom berre med to nummer. Det var det nordlegaste bladtiltaket på landsmål.
 
Kjelder
Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Johan Beronka: Vadsø bys historie. Med spredte bidrag til Varangers historie. Vadsø 1933
A. Brune: «Bidrag til Finnmarkens kirkehistorie, VI. Den levende kristendom i Vadsø. Den såkalte læstadianske menighet i Vadsø», Norvegia sacra 1934. Oslo 1934
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Hildur Hatlebrekke: «Avisa Finnmarkingen som språkhistorisk kilde». Varanger. Årbok 1983
Per Håland: «Den nynorske pressa», Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Klaus Iversen: Krise, utslettelse og nytt liv. Hammerfest etter 1914. Hammerfest 1989
Johs. Myklebust: «Lærer A. Brune», Norsk Skoletidende nr. 32, 1920
Christian Wiik: Tromsø-seminarister. 1829–1879. Oslo 1948

Peikarar
Språkrådet, faksimilebiblioteket, elektronisk utgåve av Finnmarkingen
 

Først publisert: 05.02.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013