Hopp til innhold
André Bjerke. Ukjent år og fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (biletnr.: blds_07775). Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.
André Bjerke. Ukjent år og fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (biletnr.: blds_07775). Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.
X
Innhald

André Bjerke

André Bjerke, 1918–85, var forfattar og omsetjar. 

Bjerke gav mellom anna ut diktsamlingane Syngende jord i 1940, som var debuten, Fakkeltog i 1942, Regnbuen i 1946, Den hemmelige sommer i 1951 og Skyros, Egeerhavet i 1967.
 
Bjerke gjendikta ei rekkje verk, mellom andre Goethes Faust I, skodespel av Shakespeare, lyrikk og mellom anna My Fair Lady. Han skreiv kriminalromanar under psevdonymet Bernhard Borge, mellom andre De dødes tjern i 1942, som òg vart filmatisert.
 
Bjerke var redaktør for tidsskriftet til Riksmålsforbundet, Ordet, og ein av initiativtakarane til både Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og Forfatterforeningen av 1952. Han gav ut André Bjerkes ABC og Sproget som ikke vil dø i 1964, ei verselære og fleire samlingar med barnevers.
 
Bjerke fekk Bastianprisen i 1958, omsetjarprisen frå Norsk Kulturråds i 1972 og Oslo bys kulturpris 1980.

galleri

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 30.01.2018